Heim > Bedrift > I Vinje


- Opplev det løynde Telemark!

I Vinje
Web: www.ivinje.no

GPS:

Lengdegrad: 7.7994346618 -
Breddegrad: 59.636430397

Kart på google


Vinje kulturområde: tradisjon og modernitet

Velkomen til tre spesielle hytter i Vinje: Kårstoga på Vesås, Heim på Jordi og Mannestoga på Plassen

Vinje er eit moderne samfunn i dag, men samstundes eit samfunn som tek vare på og fører vidare dei tradisjonane som har gjevi bygda sin identitet. Vesås, Jordi og Plassen høyrer til i Vinje Kulturområde. Nemninga kjem av at grendene her har uvanleg mange kulturminnesmerke og eit levande kulturmiljø. Dette er eit aktivum for oss som bur her, for gjestene våre og for dei som skal bu her i framtida.

Vinje kulturområde omfattar mellom anna:

- Vinje Prestegard, der m.a. Magnus B. Landstad vaks opp.
- Vinje kyrkje, bygd 1796, med eit rikt og vakkert interiør. Altartavle måla av Henrik Sørensen.
- Garden Vesås, der Tarjei Vesaas blei fødd og vaks opp.
- Minnesmerke over Aasmund O. Vinje av Knut Skinnarland og Mathias Skeibrok.
- Garden Plassen og Vinjestoga, der Aa. O. Vinje vaks opp.
- Markerte og særmerkte fornminne: gravhaugane kring Vinjar og i Storesto, gardsanlegg frå mellomalderen på Gauksland.
- Mjonøy handverk og kultursenter, med vedfyrt bakeri, utstillingar, kulturaktivitetar og servering av tradisjonsmat. Sjå eiga heimeside.
- Vinje Biletgalleri, eit spesielt bygg med ei verdifull samling måleri av Henrik Sørensen og Harald Kihle.
- Kulturlandskapet i Smørklepp, prega av lokal bygningskultur og mange spor etter gamle dyrkingsmåtar.

Flott beliggenhet og god standard

Dei tre hyttene har kvart sitt særpreg, men alle har ein standard tilsvarande eit bustadhus: høg komfort, gode senger, moderne og fullt utstyrt kjøken med m.a. vaske- og oppvaskmaskin, radio, fjernsyn. Dei ligg i trygg avstand frå bilveg og nær gardsbruk med aktivt dyrehald. Rikt høve til friluftsliv både vinter og sommar, medrekna fiske i Vinjevatn. 30-40 min køyring til skisentra på Rauland, Hovden og Vågsli. Vertskapa byd på spesielle natur- og kulturrelaterte program som skifter med årstidene.

Tak kontakt for fleire opplysningar!

I Vinje



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.